30.06.06

Anleggstart i øvre Gudbrandslie

Entreprenørselskapet Mesta har teikna kontrakt med Jotunheimen eiendom as om klargjeringa av infrastruktur i hyttefeltet Øvre Gudbrandslie på Filefjell. Feltet skal gje plass for 80 hytter.

Driftsansvarleg Frank Harald Moen hjå Mesta fortel at det skal byggjast tre kilometer med veg og leggjast 3,6 kilometer med røyr for vatn og avløp. Selskapet skal også byggje ein ny skiløypetrasé på to kilometer. Arbeidet startar truleg alt neste veke, og 6 - 8 tilsette vil ha arbeidet sitt her. Innan seinhausten skal røyra for vatn og avløp vera på plass, medan vegen ikkje blir ferdigstilt før neste år.

(Avisen Valdres 30. juni 2006)