09.06.05

Pengar til E16

Samferdselskomiteen på Stortinget går inn for ei framskunding av E16-prosjektet Borlaug-Voldum. Prosjektet omfattar 8,5 km ny veg, medrekna 1,9 km tunnel og tre bruer.

- Prosjektet er viktig for turismen i Valdres, blant anna fordi folk i Bergens-området nå har begynt å kaste sine auge på Filefjell, seier Thore A. Nistad, Frp-representant i samferdselskomiteen. Det nemde vegprosjektet vil forkorte E16 med ytterligare to km. Reguleringsplanen for strekninga er godkjend og pengesummen på 255 millionar kroner er skaffa. Samferdselskomiteen åpner for byggestart i haust.

Nistad fortel elles at han fikk inn att strekninga Steinklepp-Øye i ein merknad.
- Komiteen meiner av omsyn til trafikkavviklinga er viktig at den planlagde opprustninga skjer raskast mulig og kontinuerlig. Komiteen ber om at det blir utarbeidt ein plan for opprustning av E16 i Oppland og Sogn og Fjordane, slik at dei dårlegaste strekningane, spesielt fjellstrekningane Steinklepp-Øye, kan få sin opprustning, heiter det i ein samrøstes merknad.

Nistad fekk elles berre med seg Frp sine medlemmer i ein merknad om at Fønhus-Bagn og Storhaug-Røn bør byggjast ut.

(Avisen Valdres 09. juni 2005)