16.02.05

Både og på Filefjell

Dei 52 som har kjøpt eller reservert hyttetomt i Gudbrandslie på Filefjell, ventar på at feltet skal bli regulert. Det er stint av gamle kulturminne. Med både utgraving og vern kan Riksantikvaren og utbyggaren Jotunheimen Eiendom AS oppnå felles interesse.


Vern og hytter side om side i Gudbrandslie
Vang: Planlegginga av det store hyttefeltet Gudbrandslie på Filefjell går sin gang. Om kort tid blir forslag til reguleringsplan lagt fram for offentleg ettersyn.

Gudbrandslie er namnet på eit hittil uutbygd område ved Filefjellheisen. Det ligg mellom utbyggingsfelta Børrenøse og Børrelia I.

Rikt på kulturminne
I kommuneplanen for Vang er Gudbrandslie sett av som verneområde. Bakgrunnen er at det ligg tett i tett med kulturminne frå jernalderen der. Vernestatusen har ikkje skremt utbyggingsselskapet Jotunheimen Eiendom AS frå å plotte ut 80 hyttetomter der. Dialog med Riksantikvaren kan gje ei løysing som begge partar er interesserte i.

Som regel må eit område byggast ut for at kulturminna skal koma for dagen. Fordi utbyggaren må betale utgravingane, er utbygging middelet som skal til for å avdekke kva som skjuler seg under torva.

Styrkar verdien
Som "Valdres" skreiv sist haust, er dagleg leiar og hovedaksjonær i utbyggingsselskapet, Tom Olav Holtet, villig til å bruke millionbeløp på dette. Han meiner at kulturminna styrkar verdien til Filefjell som rekreasjons- og opplevingsområde.

Løysinga kan bli at store deler av Gudbrandslie blir regulert til verneområde. Resten av arealet kan bli frigitt for utbygging etter at det er gjennomført ei grundig, arkeologisk kartlegging.

Kolgroper i fleng er påvist. Arkeologane håper at nye utgravingar også kan avsløre eit jernproduksjonsanlegg.

Planutvalet sa ja
På eit ekstraordinært møte fredag godtok planutvalget i Vang hovudtrekka i forslaget til reguleringsplan for Gudbrandslie.

- Det betyr at planen snart blir lagt ut til offentleg ettersyn, seier teknisk sjef Terje Hålien.
Vang kommune er i gang med å laga kommunedelplan for Tyinkrysset og Filefjell. Der inngår Gudbrandslie.
- Ideelt sett burde oversiktsplanen ligge på bordet før ein regulerar bitar av området. Men av omsyn til den store interessa for hyttebygging på Filefjell let vi dei to planprosessane gå paralelt. Utbyggaren er klar over at reguleringa av Gudbrandslie skjer på eigen risiko. Eit vilkår for at Gudbrandslie skal bli frigitt for utbygging, er at det under behandlinga av kommunedelplanen ikkje kjem fram moment som er til hinder for det, seier rådmann Reidar Thune.

Stor pågang
Trass i denne klausulen har Jotunheimen Eiendom AS marknadsført tomtene i Gudbrandslie. Til no er 42 selde, og ytterlegare 10 er reserverte.

(Avisen Valdres 15. februar 2005, Egil Heggen)