Varsku her - fyr vere her

Med dunder og brak fyrde ordførar Knut O. Aaretun fyrste salva på den knappe to kilometer lange Tuftåstunnelen tysdag ettermiddag.

Våren 2008 er heile den nye stamvegtraseen Voldum-Borlaug klar til bruk.
6,7 kilometer ny veg i dagen, Bergsbrui på 144 meter, Eråksbrui på 98 meter og den 1,8 kilometer lange Tuftåstunnelen. I alt 8,5 kilometer ny stamveg frå Voldum til Borlaug, noko som vil korte ned strekninga med 2,2 kilometer. Og ikkje minst gje ei etterlengta avlastning for noverande veg som mildt sagt er nedslitt. Dei som bur langs den sterkt trafikerte vegen ser nok og fram til at den nye traseen om knappe to år er klar.

Frå begge sider
Det var ein stolt og glad lærdalsordførar som fekk æra av å tenne lunta til fyrste salva i Tuftåstunnelen. Med god hjelp frå MIKA sine folk gjorde Aarethun jobben, og sytte for at tunnelldrivarane no kan arbeide seg vidare inn i fjellmassivet som i månadsskiftet januar/februar neste år skal føre til gjennomslag i den 1,8 kilometer lange tunnelen.

-Dette var utruleg kjekt, eg ynskjer alle lukke til vidare med arbeidet både i tunnelen og på resten av anlegget, sa Aarethun. Han var sikker på at både Lærdal kommune, borgundsbygdi og alle dei som nyttar E16 gjennom dalen vil vere godt tente med den nye vegutløysinga.

-Frå kommunen og stamvegutvalet si side vil me jobbe vidare med å sikre midlar til vidare framdrift av E16 over Filefjell. Eg ser det som utruleg viktig å få den biten på plass, sa Aarethun.

Fekk skryt
Prosjektleiar i Statens Vegvesen Jon Kvåle skrytte over MIKA som har hatt ein svært bra framdrift på anlegget sidan kontrakten vart underskriven 16. mai.

-For det fyrste vil eg gratulere med at ein no har starta med sjølve drivinga av tunnelen. MIKA var svært ivrige etter å kome i gang, me var lettare sjokkert over at dei allereie no var klar til å fyre fyrste salva. Framdrift har vore heilt fantastisk, dei har vore opptekne av å nytte tida før snøen kjem til å få gjort mest mogleg ute i terrenget, sa Kvåle.

Konstruktivt samarbeid
Prosjektleiaren håpa framleis på eit konstruktivt samarbeid både med MIKA, Veidekke som har ansvaret for bruarbeida og naboane til anlegget.

-Eg trur både kommmunen og grenda vil få glede av denne vegen, sa Kvåle og takka alle so langt for innsatsen. Etter at steinsprut og røyk hadde lagt seg over tunnelområdet spanderte Vegvesenet kaffi og marsipankake på anleggsarbeidarar, noko og naboane var invitert til å vere med på. I neste veke startar tunneldrivinga frå andre sida. For å nytte tida best mogleg vil ein flytte mannskapet mellom dei to stuffane. Medan ein driv utkøyring av masse frå den eine sida vil ein bore og skyte frå den andre sida av Tuftåstunnelen.

Sogn Avis 16.08.2006

Tekst: Steinar Kvigne