16.02.05

Framdrifta på E16 er i rute

LÆRDAL: Framføringa av ny stamveg på E16 gjennom Borgund er i rute. Det er lagt inn 100 millionar kroner for neste år, men prosjektleiar Jon Kvåle vonar det skal bli ei råd med oppstart seint inneverande år.

Med grønt lys på tampen av året vil vegbyggjaren vera i stand til å førebu stuffen på den nesten to kilometer lange tunnelen som skal drivast gjennom Tuftåsen, like ovanfor Steinklepp.

Startsignalet
- Skal me bli i stand til å bruka dei 100 millionane effektivt i 2006, må me ha høve til å bruka litt av dei allereie i år, seier Jon Kvåle, og opplyser at det var slik ein fekk snøgg kontinuitet på den førre stamvegparsellen, der Borgundstunnelen var ein del av løysinga.

Det er såleis ikkje pengar som vantar øvst i Lærdalsdalen, men grønt lys for oppstart.

Tunnel og peling
- Nokon i systemet over meg må senda eit startskot for at dette skal koma i gang før årsskiftet, seier Jon Kvåle.

- Ser du ei von i at det skjer?

- Ja, det blir ei oppgåve for oss å fortelja kor viktig det er å få bygt ein veg fram til påhogget, seier Jon Kvåle, som også gjerne ser at entreprenøren får høve til å starta pelinga av den 140 meter lange brua bak Steinklepp.

Bruarbeidet
Men då må anbodet på brua sendast ut før sommaren, berre slik blir det råd for entreprenøren å få ein snarleg start på bruarbeidet, seier prosjektleiaren.

- Me ynskjer bruka dei 100 millionane mest mogleg effektivt i 2006, seier han.

Kvartmilliarden
Den siste biten av E16 fram dalføret er planlagt ferdig i 2008. Då byr Lærdal på perfekt stamveg like frå Borlaugkrysset i aust til Seltun i vest.

Den siste parsellen før krysset rekk frå Voldum, via Steinklepp, Tuftåstunnelen og Eraker til Borlaug.

Total kostnad er rekna til 250 millionar kroner


(
Sogn Avis 05. februar 2005, av Terje Eggum, terje.eggum@sognavis.no)